Ein søndag ulik dei andre

Ein søndag ulik dei andre

Eindel av oss ungane i Hauge skulekrins saman med nokre få frå Norheim
hadde skipa eit fotballag,namnet var »Stegg».Treningsbana var på Bøneset,like vest
for den dåverande sildoljefabrikken.

På høgda nordom fabrikken låg det ei stor bustadbrakke kor tilreisande arbeidsfolk
heldt til om vintrane i sildetide.Tidleg i krigen vart denne brakka, den vestre delen,
»okkupert» av tyske soldatar. I austre delen, mot Karmsundet, hadde verksemda sitt
kontor, kor to menn var i arbeid.

»Frontane» var ikkje så harde enda, og soldatane og me unggutane kjempa iherdig
om lærkula på fritida.

Søndag den 22. juni 1941 vart eit skilje i så måte, både for oss og tyskarane skulle det
vise seg.

Ved middagsleite denne varme og solrike sumardagen var skrivaren her på veg mot
fotballbana »vår» -men vel framkomen var eg einaste på staden.

Medan eg sat og venta på medspelerane,kom det ein ukjend mann mot meg.
Karen hadde høyrt at soldatane bruka å selje tobakk, noko eg gav han rett i –
og då eg kjende »kantinemannen»frå tidlegare kjøp – sa eg meg viljug til å hjelpe.
Etter at 5 kroner hadde skifta eigar. gav me oss i veg mot salsstaden, matsalen
i brakka.

Han skulle ha blå »Brinkmann». Mannen ville venta på utsida av huset – og vel komen inn
såg eg ikkje folk nokon stad. – Døra til matsalen som til vanleg sto open, var attlukka,
men eg høyrde ei svak røyst innanfrå.
Etter å ha banka på to gonger utan å få noko svar,opna eg døra og det eg då såg ,
gløymer eg aldri.

Over tretti par gravalvorlige augo sto mot meg,som på militær kommando.
Dei sat fint rasta, omlag seks på kvar langbenk, med front mot det vanlege salsbordet kor
det denne dagen sto ein gamal, avfeldig radio som einaste møbel.

Røysta i høgtalaren var ikkje ukjend for oss på den tida.
det var føraren., sjølvaste Adolf Hitler , som i vanleg stil rakka ned på bolsjevismen
og Russland. Tidlegare denne dagen hadde han, ikkje uventa, gått til åtak på stormakta
i aust. Redsla for krigstjeneste på russisk jord var med eitt kome som ein skræmande
realitet – ein dåm av tungsinn låg over lokalet.

Denne nye situasjonen kom brott og uventa på meg, ungguten. Tysk språk skjøna
eg lite og ingenting av, og eg var vel for ung og urøynd til å forstå alvoret. (13 år)
Så nærast » på gummisåler» stiltra eg meg dei åtte til ti metrane fram mot salsstaden.

Lydnivået i førartalen hadde auka munaleg og då ein av befalet aviste meg med
»kein Verkauf» (ikkje sal ),var høgtalaren i ferd med å rivne.
Tanken på den skuffa mannen for først gjennom meg, men glad for å kome ut
or dette »holmebølet» , tassa eg med godt tak om pengene mot utgangen.

Seinare denne søndagen var tyskerane heilt »på styr» .Talen til Hitler hadde
teke hardt på mentalt skjøna vi.

Då me gutane gjekk mot brakka og ville ha soldatane med på fotballspel,vart me
jaga frå staden.Full fart, ja nærast kaos vart det i gutegjengen då ein offiser byrja
å veive med pistolen sin, og som ein skremd hønseflokk for me vetover rabbane
mot busetndan på Bøgarden.

Dermed vert det finale , for å bruke fotballspråk, på våre idrettsaktiviteter under krigen.

Det ville nok ha gjeve høge »odds» om nokon på den tida hadde spådd meg at min neste
kamp om lærkula med tysk motpart skulle skje ti år seinare som idrettsleiar i
Tysklandsbrigaden i Rendsburg / Nord-Tyskland.|

Erling Vikshåland

 

Oversiktsbilde
Kilde foto : Tidsmaskinen (bilde tatt 1951)

2016-05-31_19-14-21bøneset1

Den omtalte brakka vises midt på bildet nedenfor
Kilde foto : Tidsmaskinen (bilde tatt 1951)

2016-05-31_19-15-08 bøneset 2

 

 

2016-05-31_18-22-42

Blå Brinkmann  -Tysk soldat tobakk

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.