Presten & huldrekallen

Kilde :
Dette sagnet er hentet ifra »Postveien på Nord-Karmøy kulturhistorisk vandring langs den eldste bygdeveien»

Kilde og forfatter av skriv :  Ådne Utvik

Presten Eirik Leganger på Torvestad hadde ein gong vore på Avaldsnes og helst på presten der.
Det var nokre dagar før jul. Då han reid heim om kvelden og skulle forbi nokre haugar ute i Haugar-marka (Reheia), var det ein huldrekall som kom ut or haugen med ei sølvkanne og bad presten om å smaka på drikken deira.

Presten våga ikkje å drikka, men han løfte kanna opp slik at det såg ut som at han drakk. Alt som var i kanna, slo han over aksla. I det same slo han på hesten og reid av stad så fort hesten klarte å springa. Huldrekallen kom springande etter.

Då dei var komne til Munkaskard attmed Brekke, ropte huldrekallen på huldrene i haugen der, og dei kom ut. Men presten heldt på å ri det hesten orka. Akkurat då han reid forbi kyrkjegarden på Torvestad, kasta han sølvkanna inn på kyrkjegarden. Sjølv reid han heim. Om morgenen gjekk han attende til kyrkjegarden. Der låg sølvkanna. Huldrekallen hadde ikkje hatt makt til å ta henne, då ho låg på vigsla jord. Slik var det at den sølvkanna kom i presten Leganger sitt eige (Hemnes 1997).

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.