TROLLET SIGGE MED BOSTEDADRESSE REHEIA BLE TIL JOMFRU MARIAS SYNÅL

Kilde :

Avaldsnes Norges Eldste Kongesete
http://avaldsnes.info/olavskirken/olavssegner/
 
Tekst : Marit Synnøve Vea

Det er fleire segnar knytta til bautasteinen «Jomfru Marias Synål».
Ei av dei handlar om Olav den heilage og trollet Sigge:
Olav den heilage ville byggje ei steinkyrkje med tårn på kongsgarden sin på Avaldsnes.
Sjøl hadde han lita tid fordi han støtt for rundt i landet og kristna folket, difor gjorde han ei
pakt med ein rise eller eit troll som hadde bustad inni ein av dei gamle gravhaugane oppe på Blodheia.
Avtala gjekk ut på at risen skulle vera bygningsmann, og han skulle få sola, månen eller kongen si
sjel i løn hvis kyrkja stod ferdig innan ei viss tid.

Risen tok fatt på arbeidet, og slike underjordiske byggjer med trollskap, mykje fortare enn ein
kristen mann kan tru. Siste dagen før fristen gjekk ut, blei Olav den heilage verkeleg ottefull.
Det såg ut til at risen ville bli ferdig innan tidfristen og kva skulle kongen så gjera? Ikkje ein gong
kongar kan henta ned sola og månen. Korleis skulle Olav berga sjela si?
Utpå kvelden reid kongen opp på Blodheia der slaget mellom Håkon den gode og sønnene til
Eirik Blodøks ein gong stod.  Ein av desse haugane blir kalla «Prinsahaugen». Innanfrå denne
haugen høyrde Olav barnegråt. Han stogga hesten og lydde. Då høyrde han ei kvinne som song:

Ro, ro liten kind
snart kjeme Sigge, far din
med sol og måne til badne

 
Nå visste Olav den heilage kva trollet blei kalla. Han var berga! For alle veit at hvis
kristen mann nemner trollet ved namn, då blir trollet til stein. Kongen reid attende til
kyrkja og gøymde seg innåt kyrkjeveggen. Då risen skulle leggja siste steinen på kyrkjetårnet,
ropte Olav:  «Akta deg nå, Sigge, den siste steinen vil ikkje ligge.»
I det same sprakk risen. Han blei til stein (Jomfru Marias synål) og datt hovudstups ned i molda
norved kyrkja. 

 

Tillegg :

Kilde : Ådne Utvik

Det mest berømte sagnet fra Utvik forteller om kong Olav og trollet Sigge. Sagnet finnes i flere varianter. Den første som skrev ned sagnet var Johan Koren Christie, huslærer til sogneprest Brun på Avaldsnes. Christie knyttet sagnet til folks forestillinger om hvordan bautaen Jomfru Marias synål ble til. Sagnet er gjengitt i Olavskyrkja og kongsgarden på Avaldsnes, side 21-22.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.